Norddal Kommune Sykkylven Kommune Stranda Kommune
  

Kantinedrift

 

Ved skulestart hausten 2010, starta vi drift av kantina ved Stranda vidaregåande skule. Dette er ein møteplass for mange menneske i løpet av dagen, og er ein svært utviklande arbeidsplass for medarbeidarane våre. Her får vi fin trening i sosiale ferdigheiter, personleg hygiene, rett behandling av matvarer, samt å lage ferdig maten til rett tid. I tillegg lærer vi å betene kasse, rydde og vaske lokala, og om "reine soner". Dei gode erfaringane frå drifta her, motiverte oss til å starte drift av kantine på Sykkylven vidaregåande skule frå januar 2011.


Rett kosthald er viktig, vi prøver å halde ei sunn linje. Vi serverar påsmurte baguettar, samt ein varmrett pr. dag, salatbaren er populær, kaker har vi av og til.