Norddal Kommune Sykkylven Kommune Stranda Kommune
  

Om bedrifta

ASVO Produkt AS gir tilrettelagt arbeids- og kvalifiseringstilbod, slik at brukarane får prøve ut og utvikle sine ressursar. Målsettinga er individuell. For enkelte kan den vere å få ein varig tilrettelagt arbeidsplass, andre har som mål å få ordinært arbeid, eller starte på utdannig. Felles for alle er ønsket om ein meiningsfull kvardag.


Bedrifta er godkjent tiltaksarrangør for Nav, og har i dag desse tiltaka:
  • VTA - 27 plassar
  • AB - 20 plassar
  • APS - 5 plassar



Visjon
arbeid, utvikling og trivsel for alle


Målsetting
framtidsretta, utviklande og trivelege arbeidsplassar


Verdisyn - kvifor er vi her?
vi skal oppretthalde og utvikle menneskelege ressursar, gjennom tilrettelagt arbeid, kvalifisering og avklaring. Dette, saman med sosiale aktivitetar, aukar livskvaliteten til den enkelte.


Sosiale aktivitetar
vi har to faste arrangement i året. På sommaraktivitetsdagen før ferien grillar vi og har forskjellige leikar eller aktivitetar som passar for alle. Julebord har vi i desember,
med god mat, underhaldning og aktivitetar. Her deltek medarbeidarane med song, eller anna framføring. 


Organisering

ASVO Produkt AS har to avdelingar, Stranda og Sykkylven.


Avd Stranda
Hovudkontoret for bedrifta er på Stranda. Vi held til i Kyrkjegata 23, der vi produserar stoffprøver, ved, pakkar og leverer jobbfrukt og skulefrukt,samt utfører andre pakke- og monteringsoppdrag.Vi lagar også forskjellige gratulasjons- kort i tre, som du kan få kjøpt i enkelte lokale butikkar. I tillegg driv vi kantine på Stranda vidaregåande skule.


Avd Sykkylven
Vi tok i bruk vårt nybygg på Vikøyra i august 2005. Her har vi ein moderne maskinpark, og kompetanse til å produsere avanserte delar for møbelindustrien. Vi har utstyr til sandblåsing av treverk, på den datastyrte CNC maskina produserar vi bl a vangar for sofa- og stolproduksjon, og mange andre produkt. Vi lagar hagebord, benkar og blomsterkasser.

I tillegg til produksjon av treprodukt, driv vi kantine på Sykkylven vidaregåande skule.

Vi legg vekt på å utvikle produkt og tenester, slik at vi som jobbar her skal ha utviklande og meiningsfulle oppgåver, samt at kundane våre skal bli tilfreds. Lenke til produkter.

Kontaktopplysningar avd Sykkylven:
ASVO Produkt AS
Bakkedamsvegen 30
6230 Sykkylven
Tlf 70 24 59 50


Equass
tilfredsstiller myndigheitene sitt krav til kvalitetssikring av tenestene vi som Vekst-bedrift yter.
Dette skal sikre høg kvalitet på det vi leverer til brukarane våre, Nav, kundar og andre vi samarbeider med.
ASVO Produkt AS blei sertifisert i desember 2011. Arbeidet vi har gjort for å få denne godkjenninga, har gitt oss tilsette gode rutiner for å tifredsstille krava som gjeld for tiltaksarrangørar, definert av Arbeids- og velferdsdirektoratet.
    
Les meir: www.equass.no


Eigar
Stranda kommune

Styret
blir valt av generalforsamlinga, og er samansett av kommunalt valde representantar frå Stranda og Sykkylven, samt ein representant frå dei tilsette.

Litt historikk

1992    STRANDA ASVO AS blei stifta 14. august
1993    Firmaet registrert 16. februar
1996    Kjøp av bygningen i Kyrkjegata 23
2003    Oppstart av avd i Sykkylven, med leigde lokale på Vikøyra
2004    Kjøp av tomt og oppstart av nytt bygg i Sykkylven
2004    Del av 4. etg i bygningen på Stranda seld til LL Losjetun
2005    Flytta inn i dei nye lokala i Sykkylven i august , med offisiell opning i november
2010    Starta drift av kantine på Stranda vidaregåande skule
2011    Starta drift av kantine på Sykkylven vidaregåande skule
2011    Opna "Djupvasskaia Brukttorg"
2011    Equass-sertifisert  
2014    ISO-sertifisert

Eit utval av våre kundar og samarbeidspartar: 

L.K. Hjelle  -  Sandella Fabrikken AS  -  Ekornes ASA  -  Byggmøbler Sykkylven