Norddal Kommune Sykkylven Kommune Stranda Kommune
  

Tiltak

 

Vi kan tilby ulike arbeidsretta tiltak, avhengig av behovet til den enkelte.


Varig tilrettelagt arbeid (VTA)

Er for deg som er uføretrygda, eller blir det i nær framtid og har behov for spesiell tilrettelegging. Tiltaket er ikkje tidsavgrensa. Det kan vere mulegheit for overføring til anna arbeidsretta tiltak, eller til ordinært arbeid. Arbeidsoppgåvene blir tilrettelagt og tilpassa den enkelte.

Vi tilbyr varierte oppgåver: 
  • pakking og levering av jobbfrukt/skulefrukt
  • monteringsarbeid
  • delproduksjon til møbelindustrien
  • produksjon av stoffprøver
  • kantinearbeid
  • vedproduksjon
Er VTA noko for deg, ta kontakt med Nav for meir informasjon. Dei vil i samarbeid med deg utarbeide søknad. 
NAV - Varig tilrettelagt arbeid.


Arbeid med bistand (AB)

Er for deg som har behov for tilrettelegging for å få eller behalde ein jobb du kan mestre.
Varigheit blir tilpassa etter behov. Maksimal varigheit er 3 år.

Vi kan tilby hjelp til å:
  • kartlegge kompetanse og ønske
  • finne hospiterings-/arbeidsplass som passar for deg
  • kartlegge og eventuelt tilpasse aktuell arbeidsplass
Vår tilretteleggar vil ha tett samarbeid med deg og arbeidsgivar heile perioden du er i tiltaket.
Meir informasjon og hjelp til å søke får du hos Nav. 
NAV - Arbeid med bistand.


Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS)

Er for deg som har nedsett arbeidsevne og behov for tilrettelagt arbeidstrening for å skaffe deg arbeid, eller for å behalde ditt noverande arbeid. Varigheit blir tilpassa ditt behov. Du kan delta i tiltaket 1 år, med mulegheit for forlenging ytterlegare 1 år.

Vi kan tilby hjelp til å: 
  • kartlegge arbeidsevne og interesser
  • prøve ut ulike arbeidsoppgåver i skjerma verksemd
  • tett oppfølging i heile perioden
Meir informasjon og hjelp til å søke får du hos Nav.
  NAV - Arbeidspraksis skjermet.