Norddal Kommune Sykkylven Kommune Stranda Kommune
  

Produkt



ASVO Produkt AS legg vekt på allsidig produksjon, som gir medarbeidarane våre utviklande oppgåver. Dette gir auka sjølvtillit og livskvalitet. Det er også viktig for oss å kunne tilby kundane produkta dei ønskjer, og å levere varer med høg kvalitet. Våre kundar er stort sett i vårt nærområde.

Stoffprøver

Vi lagar stoffprøvebøker til møbelindustrien. Prøvebøkene blir brukt i møbelforretningar og på messer. Stoffet kan vi stanse, sikse, merke og montere, alt etter kunden sitt ønske.


Trevare

Vi er underleverandør til møbelindustrien, og er fleksible når det gjeld oppdrag. Vi lagar vangar til sofa- og stolproduksjon, stolsete, eller anna delproduksjon. Bord, benk og blomsterkasse i trykkimpregnert materiale lagar vi også. Last ned brosjyre for utemøblar.

Frukt

Vi pakkar og leverer frukt til bedrifter og skular. Frukt til skule og jobb.

Pakke- og monteringsarbeid


Vi tek på oss forskjellige pakke- og monteringsoppdrag, etter kunden sitt behov.

Gratulasjonskort i tre

Vi tek fram våre kreative evner, sagar ut, målar og dekorerer korta. Vi lagar kort til mange anledningar, bryllup, fødselsdag, dåp, samt julekort. Korta får du kjøpt i lokale butikkar på Stranda og i Sykkylven.

 




 





For bestilling av produkt, kontakt oss på post@asvoprodukt.no , tlf. 70 26 99 30, eller du kan benytte vårt kontaktskjema.