Norddal Kommune Sykkylven Kommune Stranda Kommune
  

Jobbfrukt

På fruktavdelinga pakkar vi fristande fruktkorger som vi leverer til bedrifter i Stranda og Sykkylven. Dette arbeidet, med kvalitetssikring, pakking og distribusjon, gir stor arbeidsglede og stoltheit for den enkelte. Alle som jobbar på avdelinga, har gjennomgått Bama sin Jobbfruktskule. Dei har derfor god innsikt i produkt, kvalitet og rett behandling av frukta. Vi har godkjenning frå Mattilsynet, når det gjeld hygiene, lokale, pakking og levering. Mange bedriftsleiarar ser verdien av å tilby medarbeidarane frisk frukt, som er med på å auke trivsel, konsentrasjon og yteevne.

Det er lett å kjenne igjen ein god arbeidsplass!


Ønskjer du "spesielle" korger til møte, gåve eller kanskje til jul? Kontakt oss via dette skjemaet eller send ei melding på post@asvoprodukt.no. Du kan også ringe oss på tlf 70 26 99 30.


Skulefrukt



Vi leverer også frukt til grunnskular i Stranda og Sykkylven. Frukta blir pakka klassevis, og levert før matpausen. Alle elevane får same type frukt. Det blir levert mest av basis-fruktene banan, eple og pære. I tillegg leverer vi sesong-frukter som nektarin, kiwi, klementin, plomme o.l.
 
Elevar ved ungdomsskulane får 1 gratis frukt dei dagane dei er på skule, kommunane får refundert utgiftene til dette frå staten.

Til barneskular, kl 1-7, tek vi opp bestilling for kvart semester. Frukta blir fakturert pr. semester, utrekna etter antal skuledagar.